Sogn og Fjordane
Skuler i fylket som tilbyr vidaregåande utdanning innan landbruk / gartnarnæring / skogbruk:
Mo og Øyrane vidaregåande skule
Midt i Sogn og Fjordane ligg Mo og Øyrane vidaregåande skule. Skulen var opphavleg to skular, Mo og Jølster vidaregåande skule og Øyrane vidaregåande skule, som ved skulestart 2014 vart slegne saman til ein felles skule. Skulen er geografisk todelt, med ein skulestad på Mo og ein på Øyrane i Førde sentrum.
Tilbyr
- Vg1 naturbruk
- Vg2 landbruk og gartnarnæring
- Vg2 hest og hovslagarfag
- Vg2 anleggsteknikk
- Vg3 landbruk
- Vg3 studieførebuande naturbruk.
- Vaksenagronom over to år.
Skulen har eige gardsbruk med gardsutsal og foredlingsanlegg for kjøt og fisk.
På Øyrane tilbyr ein bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, service og samferdsel og teknikk og industriell produksjon.
Sjå skulen si nettside for meir informasjon: http://www.moy.vgs.no/

Sogn jord- og hagebruksskule
Skulen er landsline for økologisk landbruk og tilbyr
- Vg2 landbruk og gartnarnærin – økologisk
- Vg3 landbruk – økologisk.
- Skulen tilbyr også samlings- og nettbasert Vg3 landbruk, økologisk.
Elevar frå heile landet har same rett til elevplass.
Heile garden er økologisk driven og det er eit stort fokus på praktisk arbeid og garden som klasserom. Skulen har mjølkekyr, sau, geit og hest, ein mangfaldig grønsaksproduksjon, veksthus og eit stort økologisk eplefelt.
SJH har fokus på bruk av gardens ressursar og vidareforedling med eige ysteri og foredlingslokale for kjøtt. I ordinær undervising blir det lagt vekt på at eleven skal meistre moderne mekanisering. Hest som arbeidshest og grindbygg er blant valgfaga som blir tilbydd. SJH tilbyr også valfag i hagebruk, foredling og drift og vedlikehald på garden.
Skulen har ein stor kompostplass der vi omdannar talle, matavfall og hageavfall til verdifull gjødsel som vi bruker på vekstskiftet vårt. Skulens kantine brukar i størst mulig grad lokale råvarer og er sertifisert med Debios Gullmerke. Vg3 startar med sommarkurs med deltaking i praktisk drift på skulegarden, stølsdrift og studietur.
Sjå skulens nettside for meir informasjon: http://sjh.no/


Skoler i fylket med andre tilbud innen naturbruk:
Du kan gå Vg1 på en skole og neste år gå videre til en annen skole som har det Vg2-tilbud som du ønsker. Den enkelte skolens undervisning og praktiske øvelser på Vg1 vil være fokusert på de tilbud skolen har på Vg2, det kan derfor trenges litt ekstra arbeid når du bytter skole.
- Måløy vidaregåande skule http://www.maloy.vgs.no/
Frittstående videregående skoler og landslinjer:
I tillegg til de videregående skolene i ditt fylke kan du søke naturbruk ved landslinjer og frittstående videregående skoler i hele landet. Klikk her for oversikt over skolene: Landslinjer og frittstående videregående skoler