Sander er snart agronom
Sander går siste året på Voss Jordbruksskule, til sommeren er han ferdig agronom. For Sander blir ikkje dagen den same utan at han får fyra i gang traktoren før fuglane og jobba til langt på kveld.
Strilen 2. desember 2015, Gunn Berit Wiik Berg
Sander Nedreås har alltid visst at han skulle bli bonde og har hengt i hælane på faren Svein og bestefaren sidan han lærte å krypa. Nokon åtte- til firejobb er heilt uaktuelt for den 18 år gamle turbobonden på Hopland.
– Er du galen? Nei, til det er eg altfor rastlaus, seier han nærmast i protest.
I tillegg til å jobba, elskar Sander dyr og å kjøra traktor. Men han nektar for at det han ikkje kan gjera frå traktoren ikkje blir gjort.
– Nei, eg er perfeksjonist og likar at det ser fint ut rundt meg og det hender rett som det er at lyt strama opp pappa og søstera mi, avslører han.
Sander går tredje året på landbrukslinja på Voss jordbruksskule og reknar med at han i juni sit med fagbrev som agronom.
Dei fem siste åra har han også vore avløysar hjå storbonden Helge Henanger på Øvre Sagstad.
– Eg begynte å jobba der kvar tysdag- og onsdagskveld, men etter at eg begynte på Voss, jobbar eg der i helgane og feriar, forklarer han.
Dette skuleåret har han også hatt praksis hjå Helge kvar fredag. Å ha praksis utanfor skulen var han den einaste i klassen som fekk lov til. Men sidan han er ein hund å føra logg, fekk han det godkjent.
Utplassert i Normandie
I februar var han også ein månad i Normandie i Frankrike på såkalla internasjonalisering. Der budde og jobba han på ein gard med rundt 400 dyr.
– Det var veldig stort, annleis, lærerikt og interessant, men samtidig syntest eg det var litt for tøft. Dyrevelferda kunne lett vore betre og eg såg at det å vera stor ikkje alltid er best, summerer han.
Les hele artikkelen og om sanders planar for framtida i Strilen